Omvising
Hedleberget er eit skiferbrot på Kyte, fylt med historie og spektakulær utsikt. Kring 1900 var skiferindustrien den største arbeidsplassen på Voss. I dag har ein restaurert gamle bygningar, og på utescena er det fleire konsertar i sommar. Om ein vil bevega seg, går det ein nydeleg kultursti frå Voss Bryggeri og opp i skiferbrotet.

Omvising frå mai til september. Ring og få avtale dagen før de ynskjer omvising. Pris: kr 150,- per person.

Ta kontakt på tlf: 91858371 eller post@hedlebergetvoss.no

Kultursti
Kultursstien er ferdig opprusta, det lagt gruss, fjerna skog, bygningar er restaurerte og det er sett opp 11 informasjonstavler langs stien. Tavlene fortel mykje av historia om Hedleberget som arbeidsplass. Ta turen og opplev dette.

seminar

 

Vamp på Hedleberget


Endeleg kjem Vamp til Hedleberget - hald av laurdag 25. august! 

Billettar får du kjøpt på ticketco.no - 450,- + bill.avg. 

I år er det 25 år sidan Vamp kom ut med sitt aller fyrste album, ”God morgen søster”. Vamps velkjende song Tirn’a Noir er frå dette albumet. Dei starta samarbeidet med lyrikaren Kolbein Falkeid i 1991, og allereie året etter fekk dei platekontrakt. ”Tirn’a Noir” vart sluppe som singel og starta eventyret på alvor. Vamp snappa sin fyrste Spellemann framfor ringrevane Bjørn Eidsvåg og Jan Eggum med sitt fyrste album.

I dag tilhøyrer Vamp eliten av norsk musikkliv. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har truffe den norske folkesjela. Som veret på Vestlandet er dei fulle av kontrastar; frå det voldsomme og dramatiske til det lune og inderlege. Dei har seld plater i bytter og spann, og hausa mykje heider og æra, mellom anna fem Spellemannpriser og Prøysenprisen. Seinast i fjor haust fekk dei Medaasprisen for 2017. I 2017 kom også deira til no siste album, ”La la la”, ut.

Katalogen er full av kjende og kjære favorittar som dei kan ausa av på konsertane sine. Det er berre å gle seg.

Vamp består av:

Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspel
Jan Toft: vokal, gitar
Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspel
Bjørn Berge: gitarer, banjo, vokal  
Kjetil Dalland: bass, kor  
Lars Eirik Støle: orgel, trekkspel, kor

Gratis buss tur/retur Tinghusplassen. Sal av mat og godt drykk. Kle dykk etter véret - konserten er utandørs!

Skifersongen
Bilete frå skifersongen
Songkoret Bygdaklang og Interessegruppa for Hedleberget set opp songspelet Skifersongen på Hedleberget 1. og 2. juni 2018.
Om Skifersongen: 
Skifersongen er eit songspel der handlinga er teken frå Kytesgrenda og Hedleberget på Norheim i åra omlag 1920-1931. Spelet er skrive og komponert av kytaren Jan Jøssang. Det er tidlegare sett opp i 1994, 1995, 1998, 2000 og 2004 av det lokale songkoret på Kyte; ”Trivnad”. 
Personane i spelet er oppdikta, og hendingane som spelet grundar seg på er brukt nokså fritt. Bakgrunnen for spelet er likevel historisk, og byggjer mellom anna på samtalar med folk i grenda, samt Aslak Helleve si bok ”Skiferdrifta på Voss fram til 1940”. 
I fyrste delen av spelet møter me Grim Kyte, ein sagnfigur frå grenda. Det han fortel, vert lagnaden for grenda. Han er grenda si urkraft, så å seia. Skiferarbeidarane fortel – i song – om arbeidet sitt. Dei som sette pengar inn i drifta, fortel om sine voner til forteneste.
Haltor som skulle ut og fri, sviktar kjærasten sin Brita frå Svartaberget, og reiser heller til Amerika. Kari-Sy fortel om sitt arbeid og strev med skiferkarane. Og fyrste delen endar med voggevise.
Andre delen opnar med Grim Kyte, som fortel at det har gått ti år og varslar vanskelege tider. Det vert streik i Hedleberget, 1930-31, som varte i 16 månader, og beisk strid mellom dei som streika og dei som ville halda fram med arbeidet. Ola prøver å mekla mellom gruppene.
Midt i kampen kjem Haltor heim etter 10 år i Amerika....

 

Konsert med Family Tree



 
Nokon driv med avskilskonsertar, medan Svein Gunnar Mørkve gjer comeback. Med seg har han to av sønene sine. Bandet vart starta på slutten av åttitalet, då yngstemann lærte seg å spela gitar. Dei har spelt på store og små scener rundt om i landet, som til dømes stova til onkel Geir og hagen til onkel Egil. Konserten på Hedleberget vil bli ei oppsummering av alle desse åra. Alt frå gamle svisker til nye plommer. Sjangermessig ligg dei i country/roots sjiktet, med rolig gitarklimpring og fleirstemt song.

Svein Gunnar Mørkve - Gitar/song
Svein Are Mørkve - Gitar/Song
Odd Endre J Mørkve - Kontrabass/Song"



Konsert med Ola Bremnes og Fretworkers 26. august 2017
Vel 200 publikummarar var komne for å høyra på og fekk med seg vel to og ein halv time konsert til saman.

The Fretworkers starta med ein time konsert. Sjølv om Ola Bremnes var hovudattraksjonen under konserten på Hedleberget, kosta publikumet seg også stort under konserten til Fretworkers.

The Fretworkers
Yngve Jordalen (kontrabass/vokal), Mikael Jonasson (banjo/vokal) og Vegard Waclaw Doszko (gitar/vokal).

”For ein stad! Eg hadde aldri høyrt om Hedleberget før eg vart spurd om å spela her. Eg har aldri sett maken. Her er det tydeleg at det er folk som bryr seg om lokalsamfunnet og lokalhistoria. Det er utruleg vakkert her, seier Ola Bremnes”. Dette uttalte Ola Bremnes til avisa HORDALAND etter konserten. Han hadde med seg gitaristen Terje Nohr Olsen på den flotte konserten på Hedleberget. Bileteserie frå konserten her.



The Fretworkers
Frå venstre: Mikael Jonasson, Yngve Jordalen og Vegard Waclaw Doszko.

Ola Bremnes og Terje Nohr Olsen på scenen.

.


Konsert med Jonas Fjeld 26. august 2016
Jonas Fjeld
Ny scene
Over 400 opplevde konsert med Jonas Fjeld 26. august. Samstundes var dette opninga av ny og større scene på Kvammabenken. Fleire bilete frå konserten her

Opning av den nyrestaurerte kulturstien den 29. mai 2016.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb føretek den offisielle opninga av kulturstien. Jon Olav Grevle og Ingmar Hårklau tek i mot. Sjå bilete frå opninga her.

Informasjontavle på plass ved Kvammabenken

Arbeid med å legge skifergolv i Songvehytta vinteren 2016

Utescena
Midt i Hedleberget er det bygd opp ein scene i eit naturleg amfi. Det har vorte halde fleire konsertar der, og songkoret ”Trivnad” har framført sin lokalinspirerte musikal; Skifersongen. Utescena har grodd mykje til i dei siste åra, men er no rydda og klar for nye konsertar. Under den opne dagen vår i juni 2013 hadde me konsert med songkora ”Bygdaklang” og ”Trivnad” som framførte irske songar.

Veslandshumor 22. august 2015
Omlag 350 personar hadde funne vegen til amfiet på Hedleberget den fine seinsommarkvelden og fekk oppleve ei morosam førestilling med Finn Tokvam, Olav Stedje og Claus Sellevoll. Sjå også biletserie her

 

Stein Torleif Bjella med band hadde konsert på utescena 24. juni 2015.
Konserten vart arrangert i samarbeid med ektremsportveko.

Film frå arrangementet finn du her (filmfila er på 16 Mb).


29. august 2014 heldt Sigrid Moldestad med band konstert på utescena

Sigrid med band
Sigrid Moldestad

400 personar møtte på konserten ein fredagskveld seint i august og stemninga var stor.

Hedleberget er Voss sitt nye kulturhus! Sigrid Moldestad let seg bokstavleg talt bergta av den majestetiske arenaen med panoramautsikta mot Lønahorgi” skriv ”Hordaland” etter konserten.

Avisa skriv vidare at ”Sjølve arenaen synte seg som skreddarsydd for konsertar  av denne type. Det steile bergveggen skapte ein klang som var ein katedral verdig, samstundes som berget avgrensar og gjer det intimt. I den nydelege seinsommarkvelden var det reint magisk.”

Fleire bilete frå konserten her

Interessegruppa for Hedleberget tek sikte på å halda fleire konsertar etter kvart.

Dugnad på Hedleberget
14 mann på dugnad med skiferlegging på Songvehytta 1. november 2014