Alle bileta er utlånt av Agnar Norheim og er frå 1950 til 1958

Storestytta (Liastytta) på Kyte, denne var 28 m høg. Storestytta Frå løypinga, Kløve Jernbanestasjon, f.v. Rikard Herstad 1903-1976, Anders Norheim 1905-1985 og Nils Tufte 1892-1973.
Frå Kløve Jernbanestasjon der dei tok imot skiferen som kom med løypestrengen frå Hedleberget. Her vart skiferen lasta på jernbanevogner for vidare transport, for det meste til Bergen. På bilete Rikard Herstad 1903-1976, den andre er ukjent.
Bergastreng, her løypte dei skiferen ned til Storestrengen der korgene med skifer vart førde innpå Storestrengen og sendt vidare til Kløve.
Frå Kløve Jernbanestasjon, her tek tre mann i mot skiferen som kjem med løypestrengen frå Hedleberget. Ein mann lesser på jernbanevogn.
Frå Kløve Jernbanestasjon, her tek dei i mot skiferen som kjem med 
løypestrengen frå Hedleberget. Her vert korgene med skifer førde frå bergastreng og inn på Storestrengen. Framme på bilete Oddvar Repål 1939-2008
Bilete frå Toni, huset nærast er smidja. I huset bak med gavlen i mot var motoren og drivverket for Storestrengen, dette var plassert om lag midt på den 2,5 km. lange løypestrengen mellom Norheimsmarki og Kløve Jernbanestasjon.
Korg med skifer vert førde frå bergastreng og inn på Storestrengen. Person på bilete er ukjent.
Storehjula, her var enden på løypestrengen i Norheimsmarka.
Lina som drog skiferkorgene på løypestrengen gjekk rundt denne hjula. Plan i Norheimsmarka. Her kom korgene med skifer ned med bergastrenge frå Hedleberget og vart førde inn på Storestrengen. gallery2 lightbox theme by VisualLightBox.com v5.7m