Hermann Hårklau 1921 – 1991

Herman Hårklau

Her kløyver han skifer og gjer den klar for skanting. Han byrja på Hedleberget om lag 1935.
Ei tid rundt 1950 arbeidde han saman med fleire Vossingar på skiferbrotet i Friarfjord i Finnmark, her møtte han Åse Reberg som han etter ei tid vart gift med. Dei busette seg på Kyte. 
Hermann dreiv benk saman med faren og broren Arhtur i mange år, dei siste åra på Berget arbeidde han og Arthur hjå Voss Skiferbrud AS.

Tid: Omlag 1980    
Bilete utlånt av Ruth Solfrid Hårklau Fløystad