![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Om oss Hedleberget på Kyte var i byrjinga av 1900-talet den største arbeidsstaden i Voss kommune. I skiferindustrien på Voss arbeidde det på det meste 400 mann, vel halvparten av dei arbeidde i bråta i Kytesgrenda. Dette var ei viktig inntekt for grunneigarar i området, og avgjerande for utviklinga av lokalsamfunnet. Interessegruppa for Hedleberget starta i 2005 arbeidet med å sjå på moglegheiter for utvikling av Hedleberget som attraksjon. Fokuset for dette arbeidet er å bevara historien til og bygningane på Hedleberget med mål om å kunne visa dette fram. Hedleberget har ein industrikulturhistorisk verdi, og kring 200 års uttak av skifer har gitt området eit veldig synleg preg. Dette saman med godt bevart historie gjer dette til eit velegna produkt for reiselivs-næringa. Ved inngangen av 2013 er det dagleg drift i skiferbrotet, med ein arbeidar att. Målet for gruppa er å sikra historia på Hedleberget og Voss Skiferbrud AS, samt skapa opplevingar og vidareføra handtverket. Dette skal føra til fleire arbeidsplassar innan produksjon og turisme. Medlemmer i Interessegruppa for Hedleberget Medlemskap Ynskjer du ta kontakt på andre måtar; |