Skifersongen

Songkoret Bygdaklang og Interessegruppa for Hedleberget set opp songspelet Skifersongen på Hedleberget 1. og 2. juni 2018.

Om Skifersongen: 
Skifersongen er eit songspel der handlinga er teken frå Kytesgrenda og Hedleberget på Norheim i åra omlag 1920-1931. Spelet er skrive og komponert av kytaren Jan Jøssang. Det er tidlegare sett opp i 1994, 1995, 1998, 2000 og 2004 av det lokale songkoret på Kyte; ”Trivnad”. 

Personane i spelet er oppdikta, og hendingane som spelet grundar seg på er brukt nokså fritt. Bakgrunnen for spelet er likevel historisk, og byggjer mellom anna på samtalar med folk i grenda, samt Aslak Helleve si bok ”Skiferdrifta på Voss fram til 1940”. 

I fyrste delen av spelet møter me Grim Kyte, ein sagnfigur frå grenda. Det han fortel, vert lagnaden for grenda. Han er grenda si urkraft, så å seia. Skiferarbeidarane fortel – i song – om arbeidet sitt. Dei som sette pengar inn i drifta, fortel om sine voner til forteneste.

Haltor som skulle ut og fri, sviktar kjærasten sin Brita frå Svartaberget, og reiser heller til Amerika. Kari-Sy fortel om sitt arbeid og strev med skiferkarane. Og fyrste delen endar med voggevise.

Andre delen opnar med Grim Kyte, som fortel at det har gått ti år og varslar vanskelege tider. Det vert streik i Hedleberget, 1930-31, som varte i 16 månader, og beisk strid mellom dei som streika og dei som ville halda fram med arbeidet. Ola prøver å mekla mellom gruppene. Midt i kampen kjem Haltor heim etter 10 år i Amerika....

Informasjon

Tidspunkt fredag, 01 juni 2018