Family Tree i Fellesbrakka

Nokon driv med avskilskonsertar, medan Svein Gunnar Mørkve gjer comeback. Med seg har han to av sønene sine. Bandet vart starta på slutten av åttitalet, då yngstemann lærte seg å spela gitar. Dei har spelt på store og små scener rundt om i landet, som til dømes stova til onkel Geir og hagen til onkel Egil. Konserten på Hedleberget vil bli ei oppsummering av alle desse åra. Alt frå gamle svisker til nye plommer. Sjangermessig ligg dei i country/roots sjiktet, med rolig gitarklimpring og fleirstemt song.

Svein Gunnar Mørkve - gitar/song
Svein Are Mørkve - gitar/song
Odd Endre J. Mørkve - kontrabass/song

Informasjon

Tidspunkt laurdag, 02 juni 2018