Uncle Benny's Building Supplies Band

Uncle Benny's Building Supplies Band har gneka skit av både banjo og bass, og klinkar til med konsert i fantastiske Hedleberget den 11. juni.

For å gje deg den komplette konsertopplevinga, med tonar mjuke som nykjidna smør, har me invitert med oss nokre gjestemusikarar denne kvelden. Her er det duka for både «wow-», «ååååhh-», og «ka i h…..-» stemning!

Gjestemusikarane er førebels strengt anonyme for å unngå tabloide presseoppslag og paparazzi som luskar i buskene. Kanskje får de nokre hint om kven gjestane er når det nærmar seg, men tør du å vente med å kjøpa billett? Grunna pandemiske restriksjonar, og sjølvsagt Uncle Benny`s sin massive popularitet, kan det nok vera lurt å sikra seg ein plass i skiferbrotet med det samme.

Kjøp billettar på Ticketco

Informasjon

Tidspunkt fredag, 11 juni 2021
fredag, 11 juni 2021
Enkeltbillett kr 275