Hedleberget på Kyte var i byrjinga av 1900-talet den største arbeidsstaden i Voss kommune. I skiferindustrien på Voss arbeidde det på det meste 400 mann, vel halvparten av dei arbeidde i bråta i Kytesgrenda. Dette var ei viktig inntekt for grunneigarar i området, og avgjerande for utviklinga av lokalsamfunnet.

Kontrakt frå 1895

Korleis var det eigentleg å arbeida i skiferbrotet?
Få eit innblikk ved å lesa kontrakten signert i 1895.

Sjå heile kontrakten her.

Image
Image

Songhefte

i 1955 var det storslagen 60-års fest for Voss Skiferbrud AS. Dei laga til og med songar med mange vers til jubileumsfesten. Du kan bla i songheftet her 

Artiklar

Les meir om alt frå skantesaks til drifting av Voss si største verksemd i si tid.

"Frå hellebroti ved Norheim"

I artikkelen av Eirik L. Fjose vert det mellom anna fortalt om utviklinga av skantesaksa.

Les artikkelen her

Linkar til Nasjonalbiblioteket

”A/S Voss skiferbrud; um forretningen og drifti i 25 aar: fraa april 1895 til april 1920” Les artikkelen her.

NRK-reportasje

”Vi ser på skiferbruddene på Voss” (NRK-reportasje frå februar 1940).

Høyr reportasjen her.