Hedleberget på Kyte

Hedleberget på Kyte var i byrjinga av 1900-talet den største arbeidsstaden i Voss herad. I skiferindustrien på Voss arbeidde det på det meste 400 mann, vel halvparten av dei arbeidde i bråta i Kytesgrenda. Dette var ei viktig inntekt for grunneigarar i området, og avgjerande for utviklinga av lokalsamfunnet.

Frå 2005 starta Interessegruppa for Hedleberget å sjå på korleis ein kunne utvikla Hedleberget som attraksjon ved å bevara historien og bygningane, og visa dette fram. Hedleberget har ein industrikulturhistorisk verdi, og kring 200 års uttak av skifer har gjeve området eit veldig synleg preg. Saman med godt bevart historie er dette eit bidrag til den lokale reiselivsnæringa.

 

Image
Image
Image
Image
Image
Image
Image

Her finn du Hedleberget

Interessegruppa for Hedleberget

Mål

Gruppa har som mål å sikra historia på Hedleberget og Voss Skiferbrud AS, og å skapa opplevingar og vidareføra handtverket. Dette skal føra til fleire arbeidsplassar innan produksjon og turisme.

Styret:

Leiar: Ingmar Hårklau
Nestleiar : Gunnar Gjerme
Kasserar: Åse Margrethe Kyte
Skrivar: Jan Olav Grevle
Styremedlemmer: Kristin Lemme, Odd Tverberg og grunneigarrepresentant Svein Kyte
Vararepresentantar: Nils Gjøstein og Oddbjørn Hårklau
Revisor: Knut Kvamme og Gerd Møen

Årsmeldingar:

Årsmelding 2020
Årsmelding 2019
Årsmelding 2018
Årsmelding 2017
Årsmelding 2016
Årsmelding 2015

Årsmelding 2014
Årsmelding 2013
Årsmelding 2012

Medlemskap

Ynskjer du å motta informasjon og invitasjonar til ting på Hedleberget? Send ein e-post på post@hedlebergetvoss.no og betal ein årleg kontingent på kr 100,-. Då støttar du vårt arbeid med å ta vare på historia til Hedleberget! Bankkonto: 3480.14.21360.

Kontakt

Ynskjer du ta kontakt på andre måtar;

Interessegruppa for Hedleberget
Langbrekk 7,
5706 Voss

Telefonnummer: 918 95 205