Stein Torleif Bjella med band

Stein Torleif Bjella – Live 2025
Billettar på Billetto
Etter eit eventyrleg gjennombrot i årets Hver gang vi møtes, har Stein Torleif Bjella og det makelause bandet hans fylt kulturhus og spelestader over heile landet. Og det stoppar ikkje her! Turneen held fram langt utpå hausten 2025.
Vinterturneen har vore ein braksuksess, med over 15 000 selde billettar, inkludert to utselde konsertar i Operaen i Oslo. Publikum og kritikarar har vore samstemte i si begeistring – det siste halve året har rett og slett vore ein skikkeleg opptur for visekunstnaren frå Ål.
På denne turneen har både trufaste og heilt nye fans fått oppleva ei ny side av Bjella. Konsertane byr nemleg på både klassikarar og nytolkingar av eigne og andre sine låtar, noko som lyfter det musikalske universet hans til nye høgder. Som alltid kombinerer Bjella det ettertenksame med det hjartevarme – konsertane treff både hjarterota og dansefoten. Og ja, tradisjonen tru blir det loda ut ei fruktkorg på kvar einaste spelestad.
Med seg på vegen har Bjella det faste, dyktige bandet sitt, med Geir Sundstøl (gitar), Eirik Øien (bass), Kenneth Kapstad (trommer) og David Wallumrød (tangentar). Saman syter dei for ei uforgløymeleg konsertoppleving.
Stein Torleif Bjella fekk gjennombrotet sitt med det kritikarroste soloalbumet Heidersmenn i 2009. Sidan har han gjeve ut fleire prisvinnande og Spellemann-nominerte album, mellom anna Vonde visu (Spellemannpris-vinnar), Heim for å døy, Gode Liv, Øvre-Ål Toneakademi og Nysetmåne. Han har òg samarbeidd med Kringkastingsorkesteret, gjeve ut eit spoken-word-album og motteke utmerkingar som Edvardprisen og Prøysenprisen.
Bjella-musikken er kjenneteikna av poetiske, jordnære tekstar og ei særeigen evne til å treffa både bygdefolk og byfolk. Med låtar som «Romantikken gjer meg sjuk», «Psykisk kan du vera sjøl», «Heidersmann» og «Tilbake i det blå» har han skrive seg inn i den norske visetradisjonen som ei av vår tids viktigaste stemmer.
I tillegg til musikken er Bjella ein anerkjend forfattar, med diktsamlinga Jordsjukantologien Nr. 1 og romanen Fiskehuset, som vann Nynorsk litteraturpris og vart nominert til P2-lytternes romanpris. Bjella-musikken har òg inspirert teateroppsetjingar som Kan nokon gripe inn og Heil ved, sistnemnde framleis på repertoaret ved Det Norske Teatret.
Skifersongen (14/6)

Velkomen til Bygdaklang si framføring av Jan Jøssang sin SKIFERSONGEN. Dette er 6. gong den vert oppført i Hedleberget og har i år ulike jubileum å feira:
- Voss Skiferbrudd, 130 år sidan det vart stifta.
- Bygdaklang, 40 år sidan koret vart stifta
- Interessegruppa for Hedleberget, 20 år sidan dei vart stifta
- Skifersongen, 30 år sidan den vart framførd fyrste gong, den gong med Songkoret Trivnad under dirigent Kåre Herfindal
Det vert sett opp buss t/r Holbergsplassen
Billettar på TicketCo: https://kulturevent.ticketco.events/no/nb/m/e/skifersongen_paa_hedleberget
Skifersongen (13/6)

Velkomen til Bygdaklang si framføring av Jan Jøssang sin SKIFERSONGEN. Dette er 6. gong den vert oppført i Hedleberget og har i år ulike jubileum å feira:
- Voss Skiferbrudd, 130 år sidan det vart stifta.
- Bygdaklang, 40 år sidan koret vart stifta
- Interessegruppa for Hedleberget, 20 år sidan dei vart stifta
- Skifersongen, 30 år sidan den vart framførd fyrste gong, den gong med Songkoret Trivnad under dirigent Kåre Herfindal
Det vert sett opp buss t/r Holbergsplassen
Billettar på TicketCo: https://kulturevent.ticketco.events/no/nb/m/e/skifersongen
Open dag!

Bli med på ein spennande dag på Hedleberget søndag 1. september i samband med kulturminnedagane!
Frå kl. 11.00 til 17.00 er det open dag med aktivitetar for heile familien. Årets tema er "spor, nettverk og forbindelsar", og det blir mykje å oppleva.
Kl. 13.00 blir det halde eit foredrag om løypestrengen, etterfølgt av visning av ein kort film om emnet. Det vil også vera demonstrasjonar i kløyving og skanting av skifer. Museet og steinutstillinga held ope, og du kan delta i både natursti og kultursti.
Det vil òg vera flatbrødbaking og musikkinnslag.
Kafeen serverer kaffi, kaker, pølser og brus. I tillegg er det salsbuer med kunst og brukskunst.
Velkomen til ein triveleg dag på Hedleberget!
Summetonar! Stedje/Lothe/Tokvam

Stedje/Lothe/Tokvam er i kjempeform etter å ha turnert med dette konseptet i over eit år. Albumet Summetonar tek utgangspunkt i kvar dei tre kjem frå. Om den geografiske og musikalske fellesskapen. Musikken dei har lytta på opp gjennom. Menneska dei har møtt langs vegen. Og ikkje minst alle stadane, krikane og krokane dei kjenner – både kvar for seg og saman. Frå poetiske hyllestar, via sjølvgranskande erkjenningar til absurde forteljingar. Frå nærleik til fråvær. I det lokale søkjer dei det universelle. Kjærleiken, lengten og livet.
Olav Stedje: song, gitar
Finn Tokvam: song, trommer
Odd-Erik Lothe: song, gitar
Halvor Folgerø: song, bass
Dørene opnar kl 17.00
Konsertstart kl 18.00
Kjøp bilett her: TicketCo
med eller utan buss frå vangen.
Konsert med Vamp

Me er glade for å kunna annonsera ei ny storhending på Hedleberget. 16. august kjem sjølvaste Vamp på besøk for å halda konsert. Vamp har spelt i mange år og halde konsertar rundt land og strand med sin flotte musikk. Sist dei var på Hedleberget hadde me to utselde konsertar, så det kan vera lurt å vera tidleg ute for å sikra seg billett. Billettar får de på
Ope frå kl. 18:00. Konsertstart kl. 19:00 Konserten varer omlag 90 min. Servering av vått og turt.
Billettar på Ticketmaster
Fjellrock!

No er det snart klart for rock på Hedleberget. 15. juni vert det tribute-konsertar med god 70-80-90 talsrock.
Rocken vert framført av band som hadde stor suksess på Heidrafest 2023. Dei spelar musikk av dei legendariske banda Thin Lizzy, Nightwish og Deep Purple / Rainbow. Her får de verkeleg sjansen til å diddla?litt på rockefoten.??
Klin Hizzy - Thin Lizzy
Night-I-Wish - Nightwish
Stargazers - Rainbow/Deep Purple
Konsert med Slomosa

Slomosa held konsert på Hedleberget fredag 25. august! Dørene opnar kl 18, og Duesund er med som oppvarming.
Det er mogleg å kjøpa billett med og utan buss tur/retur: TicketCo
Program:
1800 "Dørene" opnar
1815 Buss går frå Voss busstasjon
1900 Duesund
2100 Slomosa
2215 Buss går i retur til Voss busstasjon
Heilt sidan premieren på debutsingelen Horses hjå NRK Stjernepose, som kåra låten til ein av dei beste i 2019, har ørkenrock-beistet Slomosa skapt bylgjer i inn- og utland. Deirans sjølvtitulerte debutalbum på Apollon Records sommaren 2020 mottok mellom anna terningkast 6 av Bergens Tidende og 8/10 av Metal Hammer UK. Bandet har herjet Europa i 2022 på turné med legendene i Stöner (US), i Orange Goblin (UK) og i Sasquatch (US).
Support: Duesund
Duesund hadde sin debutkonsert på Voss i juni, og er i full gang med innspeling av album. Sist besto bandet av Duesund med bassisten Eline Rafteseth, men denne gonga stiller bandet i kvartett! I tillegg til Duesund og Rafteseth får du høyre Jens Kristian Mørkeby Rimau på tangentar og Elisabeth Lid Trøen på saksofon. Det vert nære og ærlege tekstar i viselandskapet, ispedd litt folkemusikk, litt jazz, litt pop og litt Hege Skøyen-fakter. Om du likar TundraRock, så likar du garantert Duesund…!
Kulturkveld i Songveshytta

- Atle Ove Martiniussen har kåseri om: “Kveiken gjennom tida og stoda i dag” med smaksprøve
- Laila Rynning Veum: Petit-kåseri om “Kveiken i kunsten”
- Musikkinnslag av trekkspelvirtuosane Steinar Hårklau og Odd Hagen
- Komframogsier: Lyder Veum
Sal av forfriskingar
Start kl. 19. NB! Steinsenter / utstilling er open frå kl. 18
Billett kr 150,-
Førehandsbetal på Vipps nr. 113116. Avgrensa tal på plassar.
Velkomen!
Trekkspelkveld i Songveshytta

Velkomen til Songveshytta på Hedleberget. Laurdag 23. april 2022 vert det arrangert trekkspelkveld i Songveshytta. Trekkspel-virtuosane Steinar Hårklau og Odd Hagen kjem for å underhalda med god trekkspelmusikk!
Dørene opnar kl. 18.00. Konsertstart kl. 19.00. UTSELT !
Sal av forfriskingar. Hjartelig velkomne til ein trivelig kveld på Hedleberget!
Open dag på Hedleberget

kl. 11.30 Demonstrasion av skiferarbeid, kløyving og skanting v/Jan Olav Grevle
kl. 12.30 Guida historietur på del av kultursti inn til Songveshytta v/Ingmar Hårklau
kl. 13.30 Kåseri om Myrkdalen "Skildringar frå ei tid som var" v/Brita Tveite
- Ope ved museet
- Ope ved Sigurdbenken
- Kultursti
- Smed Kjell Tvilde, smedarbeid
- Seniosløyden, trearbeid
- Jan Olav Grevle, skiferprodukt
- diverse
Kafé ved fellesbrakka og Songveshytta
Parkering nedanfor fellesbrakka og ved bom.
Sjå elles facebook-sida vår.
Interessegruppa for Hedleberget
Dumpster Divas

Endeleg kan du oppleva desse to sprudlande damene i levande live igjen!
Trine og Helle har brukt korona-året på å laga barn, skriva ny musikk og ferdigstilla debutalbumet sitt. Dei har drøymt om å gjera ein konsert i fantastiske Hedleberget lenge - og no skjer det! Denne kvelden får du ei deilig blanding av nye og gamle låtar, og ikkje minst har dei med seg eit heilt nytt band i ryggen!