Konsert med Ola Bremnes og Fretworkers

Vel 200 publikummarar var komne for å høyra på og fekk med seg vel to og ein halv time konsert til saman.

The Fretworkers starta med ein time konsert. Sjølv om Ola Bremnes var hovudattraksjonen under konserten på Hedleberget, kosa publikumet seg også stort under konserten til Fretworkers.

The Fretworkers
Yngve Jordalen (kontrabass/vokal), Mikael Jonasson (banjo/vokal) og Vegard Waclaw Doszko (gitar/vokal).

”For ein stad! Eg hadde aldri høyrt om Hedleberget før eg vart spurd om å spela her. Eg har aldri sett maken. Her er det tydeleg at det er folk som bryr seg om lokalsamfunnet og lokalhistoria. Det er utruleg vakkert her, seier Ola Bremnes”. Dette uttalte Ola Bremnes til avisa HORDALAND etter konserten. Han hadde med seg gitaristen Terje Nohr Olsen på den flotte konserten på Hedleberget.

The Fretworkers. Frå venstre: Mikael Jonasson, Yngve Jordalen og Vegard Waclaw Doszko.

Informasjon

Tid laurdag, 26 august 2017