Stein Torleif Bjella med band

Stein Torleif Bjella – Live 2025
Billettar på Billetto
Etter eit eventyrleg gjennombrot i årets Hver gang vi møtes, har Stein Torleif Bjella og det makelause bandet hans fylt kulturhus og spelestader over heile landet. Og det stoppar ikkje her! Turneen held fram langt utpå hausten 2025.
Vinterturneen har vore ein braksuksess, med over 15 000 selde billettar, inkludert to utselde konsertar i Operaen i Oslo. Publikum og kritikarar har vore samstemte i si begeistring – det siste halve året har rett og slett vore ein skikkeleg opptur for visekunstnaren frå Ål.
På denne turneen har både trufaste og heilt nye fans fått oppleva ei ny side av Bjella. Konsertane byr nemleg på både klassikarar og nytolkingar av eigne og andre sine låtar, noko som lyfter det musikalske universet hans til nye høgder. Som alltid kombinerer Bjella det ettertenksame med det hjartevarme – konsertane treff både hjarterota og dansefoten. Og ja, tradisjonen tru blir det loda ut ei fruktkorg på kvar einaste spelestad.
Med seg på vegen har Bjella det faste, dyktige bandet sitt, med Geir Sundstøl (gitar), Eirik Øien (bass), Kenneth Kapstad (trommer) og David Wallumrød (tangentar). Saman syter dei for ei uforgløymeleg konsertoppleving.
Stein Torleif Bjella fekk gjennombrotet sitt med det kritikarroste soloalbumet Heidersmenn i 2009. Sidan har han gjeve ut fleire prisvinnande og Spellemann-nominerte album, mellom anna Vonde visu (Spellemannpris-vinnar), Heim for å døy, Gode Liv, Øvre-Ål Toneakademi og Nysetmåne. Han har òg samarbeidd med Kringkastingsorkesteret, gjeve ut eit spoken-word-album og motteke utmerkingar som Edvardprisen og Prøysenprisen.
Bjella-musikken er kjenneteikna av poetiske, jordnære tekstar og ei særeigen evne til å treffa både bygdefolk og byfolk. Med låtar som «Romantikken gjer meg sjuk», «Psykisk kan du vera sjøl», «Heidersmann» og «Tilbake i det blå» har han skrive seg inn i den norske visetradisjonen som ei av vår tids viktigaste stemmer.
I tillegg til musikken er Bjella ein anerkjend forfattar, med diktsamlinga Jordsjukantologien Nr. 1 og romanen Fiskehuset, som vann Nynorsk litteraturpris og vart nominert til P2-lytternes romanpris. Bjella-musikken har òg inspirert teateroppsetjingar som Kan nokon gripe inn og Heil ved, sistnemnde framleis på repertoaret ved Det Norske Teatret.
Informasjon
Tid | laurdag, 16 august 2025 |
Pris | kr 550 |