Hedleberget på Kyte
Hedleberget på Kyte var i byrjinga av 1900-talet den største arbeidsstaden i Voss herad. I skiferindustrien på Voss arbeidde det på det meste 400 mann, vel halvparten av dei arbeidde i bråta i Kytesgrenda. Dette var ei viktig inntekt for grunneigarar i området, og avgjerande for utviklinga av lokalsamfunnet.
Frå 2005 starta Interessegruppa for Hedleberget å sjå på korleis ein kunne utvikla Hedleberget som attraksjon ved å bevara historia og bygningane, og visa dette fram. Hedleberget har ein industrikulturhistorisk verdi, og kring 200 års uttak av skifer har gjeve området eit veldig synleg preg. Saman med godt bevart historie er dette eit bidrag til den lokale reiselivsnæringa.
Her finn du Hedleberget
Interessegruppa for Hedleberget
Mål
Gruppa har som mål å sikra historia på Hedleberget og Voss Skiferbrud AS, og å skapa opplevingar og vidareføra handtverket. Dette skal føra til fleire arbeidsplassar innan produksjon og turisme.
Styret
- Leiar
- Ingmar Hårklau
- Nestleiar
- Kjartan Fjose
- Skrivar
- Jan Olav Grevle
- Styremedlemmer
- Sjur Tveite og grunneigarrepresentant Svein Kyte
- Vararepresentantar
- Steinar Hårklau
- Revisor
- Knut Kvamme og Åse Kyte
Årsmeldingar
Medlemskap
Ynskjer du å motta informasjon og invitasjonar til ting på Hedleberget? Send ein e-post på post@hedlebergetvoss.no og betal ein årleg kontingent på kr 100,-. Då støttar du vårt arbeid med å ta vare på historia til Hedleberget!
Bankkonto: 3480.14.21360
Kontakt
Interessegruppa for Hedleberget
Langbrekk 7
5706 Voss

