Aktivitetar i Hedleberget
Hedleberget på Kyte er eit skiferbrot med dagleg drift, museum og omvising, utescene og kultursti! Bli med og sjå korleis det harde arbeidet med skifer føregjekk.
På desse sidene finn du det du treng å vita om Hedleberget, anten du er interessert i historia bak ein omfattande industri, er kulturelt interessert, eller vil vera med på aktivitetar i dette fine området.

Hedleberget på Kyte er eit skiferbrot med dagleg drift, museum og omvising, utescene og kultursti! Bli med og sjå korleis det harde arbeidet med skifer føregjekk.
Kom og opplev ei musikalsk stund i heilt unike omgjevnader – med utsikt og akustikk som du ikkje finn nokon annan plass! Både komande og gjennomførte arrangement kan du lesa meir om her.
I 2005 starta arbeidet med å sjå på moglegheiter for utvikling av Hedleberget som attraksjon. Interessegruppa vil bevara historia og bygningane på Hedleberget med mål om å kunne visa dette fram.
Sjå biletglimt og les om kva som skjer i Hedleberget på Facebook.
31okt2026Framsyning
laurdag 31. oktober 2026 kl. 18:00
Det vert pubkveld i Songveshytta i år og! Denne gongen vil me kasta glans over multikunstnaren Johan Fjellby frå Holbygda – trekkspelar, lærar og skribent.
30aug2026Anna
sundag 30. august 2026 kl. 11:00
I samband med kulturverndagane vert det open dag på Hedleberget søndag 30. august, med guida tur i kulturstien, demonstrasjon av skiferproduksjon, kafé, museum og steinsenter.
28aug2026Framsyning
fredag 28. august 2026 kl. 19:00
Sigd er ei diktsamling skrive av Ruth Lillegraven, utgjeven i 2016. Boka handlar om odelsguten Endre, som veks opp på ein gard på vestlandet ein gong på 1800-talet. Snart skal han ta over, nett som...