Framsyning · Kjem
Han Johan – kveld i Songveshytta
- Tid
- laurdag 31. oktober 2026 kl. 18:00
- Stad
- Hedleberget, Kyte på Voss

Det vert pubkveld i Songveshytta i år og!
Denne gongen vil me kasta glans over multikunstnaren Johan Fjellby frå Holbygda – trekkspelar, lærar og skribent.
Johan Fjellby spelte trekkspel til dans og underhaldning. Men utover det var han kjend som utøvar av store konsertstykke laga for instrumentet.
I vaksen alder vart han lyrikar. Han gav ut tre bøker med særeige og underfundig innhald: «Av ord er du komen», «På blå resept» og «Han Johan». I desse stubbane hans er det mykje humor, men og tankar til ettertanke.
Einar Midtun vil framføra utdrag frå desse.
«Somme syner evne til å forfatta, medan andre har nok med å fatta.» – Johan Fjellby
Laurdag 31. oktober kl. 18.00 Billettar på Billetto.no
Vel møtt!

