Konsert
Summetonar! Stedje/Lothe/Tokvam
- Tid
- laurdag 31. august 2024 kl. 18:00–20:00
- Pris
- kr 375
- Stad
- Hedleberget, Kyte på Voss

Stedje/Lothe/Tokvam er i kjempeform etter å ha turnert med dette konseptet i over eit år. Albumet Summetonar tek utgangspunkt i kvar dei tre kjem frå. Om den geografiske og musikalske fellesskapen. Musikken dei har lytta på opp gjennom. Menneska dei har møtt langs vegen. Og ikkje minst alle stadane, krikane og krokane dei kjenner – både kvar for seg og saman. Frå poetiske hyllestar, via sjølvgranskande erkjenningar til absurde forteljingar. Frå nærleik til fråvær. I det lokale søkjer dei det universelle. Kjærleiken, lengten og livet.
Olav Stedje: song, gitar Finn Tokvam: song, trommer Odd-Erik Lothe: song, gitar Halvor Folgerø: song, bass
Dørene opnar kl 17.00 Konsertstart kl 18.00
Kjøp bilett her: TicketCo med eller utan buss frå vangen.

